– Eg takkar for at livet fann meg

Sigrid Moldestad vet at musikk kan endre verden. Komponisten, formidleren og folkemusikeren har alltid skrevet musikk med budskap. Det er intet unntak når hun i dag slipper singelen «Song Til Deg». – Det er ein takkesang til dei som står last og brast ved deg enten det er fest og moro eller kjedelige og vanlige kvardagar.

 / 08/11/2019 /

Navn: Sigrid Moldestad
Aktuell med: 
Song Til Deg
TONO-medlem siden: 2003

Hvem er egentlig Sigrid Moldestad?

Haha… ja det du kan ein jo undre seg på sjølv avogtil også.  Eg er kvinne, ung jente, gamal dame og lite barn på ein gong. Eg føler virkelig at alle desse sidene er med meg på eit eller anna vis. Trur jo ein skal bli klokare med åra, og det blir ein nok, men samstundes fell eg stadig tilbake til ein tilstand av noko uforandra i meg. Desse kjenslene brukar eg underbevisst i musikk og tekst trur eg. 

Litt meir praktisk svar; Eg er 47 år. Kvinne. Tenåringsmamma. Busett i Bergen. Nordfjording, Tradisjonsbærar, songar, låtskrivar, tekstforfattar og fulltidsmusiker.  

Fortell om den musikalske bakgrunnen din?

Eg vaks opp på ein gard i ei vakker lita bygd som heiter Breim. Her starta det musikalske sporet. Var tidlig dregen mot musikk. Både gjennom familien med ein bestefar som spelte fele, og mamma som var, og er aktiv i sang og revy. Kjøpte ein ordentlig mikrofon for mine første sparepengar. Har alltid dikta, skrive og likt å formidle. Kom etterkvart inn i spelemannskulturen og opplevde den som fantastisk trygg og leiken. Her vart ein teken på alvor som menneske og fekk stå i musikken på likefot uansett alder. Det likte eg!  Men det tok egentlig lang tid før eg fann ut at eg skulle bli musiker. Det var liksom ikkje på agendaen å leve som folkemusiker då eg skulle studere. Men etterkvart tok musikken meg,  meir enn omvendt,  og etter nokre år i m.a musikkred. NRK P2 og NRK Sogn og Fjordane sa eg etterkvart opp fast jobb, flytta til Bergen og begynte som frilanser i 2000.  Det var liksom ikkje noko utveg lenger kjende eg. Særlig etter å ha studert i det aller første kullet på det som då heitte “Spelemannsskulen”, no folkemusikkstudiet på Ole Bull Akademiet på Voss. 

– Eg trur veldig på musikkens universelle språk og kraft. Eg veit at musikk kan endre verden og eg trur på det, sier Sigrid Moldestad. Foto: Øystein Haara.

Utdanning fra Ole Bull Akademiet, lang fartids fra en rekke folkemusikkprosjekter og flere Spellemannpriser i Folkemusikk under beltet. Du har en solid forankring i folkemusikken?

Ja! Det er der eg har forankring. Det å vite det gjev meg ein tryggleik i alt det andre eg gjer som eg føler eg ikkje kan. Det er godt å ha den rota i botn, for som musiker og låtskriver m.m går ein jo stundom rundt og lurer på om det ein driv med egentlig er forsvarlig. Om eg har ein “rett å vere her” blant alle andre flinke folk. Den tvilen kjem jo ofte til meg og då er det ekstra godt å kjenne at den forankringa er så sterk.  

Du henter samtidig elementer fra andre sjangre, og syr musikken din sømløst sammen. Hvor sjangerbevisst er du som komponist? 

Eg er utrulig lite oppteken av sjanger, og lagar musikken som kjem til meg. Den har ubevisste element i seg frå mange hald og nokre meinar å høyre det eine eller det andre. For meg er det ein måte å fortelle historier og stemningar på og med. Ønsker avogtil at folk lytta til musikken min utan å tenke på at eg “egentlig” er folkemusiker. Skjønt, eg forstår at spora av tradisjonane eg har med meg kling ekstra i det eg skapar. Det er eg berre stolt av. 

Folkemusikk handler i stor grad om å ivareta og videreføre tradisjon. Komposisjon dreier seg om å skape. Hvordan finner du balansen?  

Ja, det der er ein knivsegg som ein lyt “baskast” med når ein har fått ein tradisjon i hende som ein skal forvalte. Eg er det ansvaret veldig bevisst og vil vere tru mot det eg har fått lov å lære av mine meistrar. I det bildet kan eg vere både streng og til dels konservativ. Men når det er sagt er det akkurat den strengheta som gjer at ein vil bryte ut og uttrykke sjølv.  I komposisjon og låtskriving tenkjer eg ikkje på noko ansvar eller at eg skal forsvare eller forklare noko. Då vil eg gje vidare mitt eige uttrykk og min musikk. Kjenner meg egentlig meir og meir trygg i den rollefordelinga der. 

Du er ute med ny singel i dag, «Song Til Deg». Hva handler den om?

Det er ein takkesang til dei som står last og brast ved deg enten det er fest og moro eller kjedelige og vanlige kvardagar. Kanskje aller mest det siste. Songen er meint å vere ei ærlig og enkel takk for at alle i kring ein held ut og fins. -og ein liten takk for at ein sjølv fins her i dette rare men så fantastiske livet. Sluttar aldri å undre meg over at eg vart meg osv. Så eg takkar for at livet fann meg også.  

Du er opptatt av hva du sier til verden i musikken din. Enten det dreier seg om kvinnekamp og undertrykkelse eller kjærlighet og varme. Hvilken rolle spiller musikk som et slikt ytringsrom? 

Det er fantastisk at musikk kan snakke til oss med så mange ulike bodskap. Eg trur veldig på musikkens universelle språk og kraft. Eg veit at musikk kan endre verden og eg trur på det. Tenker at det ytringsrommet kan brukast for alt det er verdt. 

Hva skal til for at du skriver en sang om noe som engasjerer deg? 

Veit ikkje heilt sikkert, men dei gongane eg har gjort det er det fordi det har kome frå ei eller anna kjelde i meg. Noko har satt ei sterk kjensle i sving og eg må uttrykke det ein stad. Ofte skriv eg tekstar som berre forblir tekstar. Eg har alltid likt å skrive. 

– Eg trur veldig på musikkens universelle språk og kraft, Sigrid Moldestad

Hvilke samfunnsbevisste sanger burde skrives i dag?

Tja. Klimasaken er ein ting, men eg syns vi er i ferd med å fjerne oss litt vel frå kva det er å leve naturlig saman og korleis samspelet mellom oss og naturen egentlig fungerar. Der er det kanskje litt å hente tenkjer eg. Ellers så kunne ein skrive ein sak om sanning. Kva som er sant og ikkje i våre dagar er etterkvart litt uoversiktelig. Det skremer meg. 

Og hva var gnisten som fikk deg til å begynne å skrive musikk i utgangspunktet?

Eg har skrive rare små songar heilt sidan eg var lita. Elska å kle meg ut og opptre som barn. I voksen alder skjedde det noko med forestillinga TAUS i 2007 då eg våga meg til å presentere den sjølvskrivne songen “Samuline” for min kollega Sigbjørn Apeland. Eg tykte det var utrulig flaut,  og hadde han reagert på ein annan måte den gongen hadde eg kanskje kravla inn igjen i hola mi og blitt der. Men han gav meg sjølvtillit og gnist til å våge. Han syns det var fint det eg hadde skrive. Det betydde utrulig mykje og gav absolutt ein gnist. Etter det våga eg stadig meir og Sigbjørn er fortsatt ein eg presenterer songar til på eit flaut tidlig tidspunkt. 

– Eg er kvinne, ung jente, gamal dame og lite barn på ein gong, sier Sigrid Moldestad. Foto: Magnus Skrede.

Hva betyr det å være låtskriver, komponist, tekstforfatter – en skaper?

Eg kjenner meg litt blyg for kvart av dei orda, egentlig. Men det er jo det eg er og for meg betyr det å utrulig mykje å skape og formidle. Eg er veldig glad i det og det kjennes som noko eg må gjere. Så betyr det også knallhardt arbeid. Mykje hodebry, kjenslesvingningar og tankekraft. 

Har du utstyr eller verktøy som er uunnværlige i skriveprosessen?

Skriveblokk, penn, datamaskin og ikkje minst lydopptakar. Gjerne telefon. Her kjem ofte dei aller aller første spirane til nye songar, tekstar og idear. Syng inn sånne små snuttar heile tida. 

«Song Til Deg» er den første låten fra en plate som kommer i 2020. Hvor langt har du kommet i arbeidet med denne? Kan du røpe hvilken retning det tar?

Vi har spilt inn råmateriale til ein 4-5 songar i Duper Studio hos Yngve Leidulv Sætre. Skriv fortsatt på materiale til plata og det er mykje igjen, men vi er i gong og eg er veldig glad for det. Skal ha ei ny økt i studio om ei vekes tid og så blir det ein lengre session seinare i vinter.  Retninga.. ja.. det er litt vanskelig å seie sikkert enno, men eg elskar iallefall å jobbe i bandformat og eg set utrulig pris på bandet mitt, så vi forskar vidare i den retninga iallefall. 

I desember legger du ut på juleturné. Hva kan publikum som søker inn i varmen fra vinterkulda og -mørket vente seg?

Eg har gjort juleturneen “Vintersong” i fleire år no. Kvart år med litt ulik besetning. I år tek eg med Roald Kaldestad ( gitarer) Kåre Opheim ( trommer/perc) og Sigbjørn Apeland ( tangenter/trøorgel) med andre ord musikere eg kjenner godt frå bandet. Vi skal gje publikum unike versjonar av julesongar og andre vintersongar som passar årstida. Eg elskar å gjere desse konsertane før jul. Det er ei heilt eiga stemning både for oss og for folk som kjem trur eg. Eg har som mål å gjere unike konsertar. Ingen heilt like. Og eg er oppteken av at vi skal strekke oss musikalsk og finne våre unike versjonar av songane. Så er eg som tradisjonsmusikar sjølvsagt oppteken av at dei beste songane ofte er dei eldste. Dei som har levd med oss lenge. Dei har også ein stor plass i ein slik konsert. 

Saken fortsetter under videoen.

Hva er karrierehøydepunktet ditt så langt?

Oj. Vanskelig å seie. Men eg nådde sjølvsagt nokre fornøgde høger i meg sjølv då eg fekk Spellemannsprisen 2007 for plata TAUS som handla om alle dei kvinnelige spelemennene heimanfrå. Eit arbeid eg fortsatt har med meg kvar eg fer. Ein av dei kjekkaste konsertane eg har gjort med bandet var under platesleppet av “Vere her”  i 2017 på Parkteatret.  Det var vilt moro!! Eit tredje delt høgdepunkt er når eg har fått spele med Kringkastingsorkesteret eller med kammerorkesteret Ensemble Allegria. Sistnemnde har eg gjort fleire konsertar saman med. Fantastisk! 

Kan du dele din største musikkopplevelse – som lyttere?

Er fryktelig dårlig på sånne rangeringar. For meg kan det vere like stor oppleving å sitte på ein kappleik og høyre ein enkel spelemann spele kl. 0400 på natta som å vere på ein stor konsert. Men ok; Rufus Wainwright i Grieghallen var stort for meg. Emmylou Harris i heimbygda Breim i sommar var også strekt av mange grunnar. Ikkje minst fordi ho var i heimbygda mi. Skal eg trekke fram ei anna sterk oppleving må det bli ein konsert for mange år sidan med Elias Akselsen på folkemusikkdagane i Ål. Det var så inderlig ope og hjartenært.

Til slutt – Kan du gi oss tips til én norsk artist du hører på om dagen?

Eg har hatt stor glede av plata “Skarbø Skulekorps” i det siste. Utrulig leikent og morosamt, utfordrande og groovy. Sjekk ut! 

Foto: Magnus Skrede.