SAMTID // Ragnhild Berstad // Recludo

Juryens begrunnelse

Eit verk med store, organiske intensitetsbylgjer, sett saman av fortetting/fortynning av rytmisk aktivitet, fargeskifting, instrumentering, og med mikrotonale melodi- og samklangslinjer. God spenning/jamvekt mellom solistar og plenum, ulike plasseringar i rommet, mikrofonboren lyd og akustisk lyd. Eit personleg, heilstøypt og rikt fassettert verk, med ei sterk, underliggande dramatisk kraft. Nøye avstemt bilde- og lyslegging tydeleggjer stykket ytterlegare.