– Eg skal være eit mediehus

Hei Hilde, kan du fortelle litt om hvem SKAAR er? Hallo! Ja eg kan vertfall prøve, haha! SKAAR er ein 23 år gammal artist og låtskriver frå Stord på vestlandet i Noreg. Artisten og personen går ekstremt hånd i hånd, så allereie her kan eg bytte til «eg»- person! Eg lagar popmusikk med hint av […]

 / 10/12/2021 /

Hei Hilde, kan du fortelle litt om hvem SKAAR er?

Hallo! Ja eg kan vertfall prøve, haha! SKAAR er ein 23 år gammal artist og låtskriver frå Stord på vestlandet i Noreg. Artisten og personen går ekstremt hånd i hånd, så allereie her kan eg bytte til «eg»- person! Eg lagar popmusikk med hint av indie og til tider folk, og musikken er vil eg kalle ein eksplosjon av kjensler. Eg har alltid hatt kjenslene mine utpå kroppen, så når artisten SKAAR byrja å forme seg vart formidling og det å ta kjensler og opplevingar på alvor utrulig viktig for meg. Eg håpar musikken min kan hjelpe folk å ta seg sjølv og kjenslene sine på alvor!

Hva er den musikalske bakgrunnen din?

Eg vaks opp med to eldre sysken som høyrde veldig mykje på musikk. Dei viste meg band som Coldplay, Foo Fighters og Florence + the machine som framleis er nokon av mine største musikalske førebilete. Eg byrja å spele gitar på kulturskulen i femte klasse, og det for meg gjekk hand i hand med å skrive musikk. Det vart tidlig ein vane å spele gitar og skrive då eg gjekk gjennom ting, noko eg brukte som terapi for meg sjølv.. Utanom ein indre musikalsk drive som eigentleg kom litt ut av ingenting, så gjekk eg og på musikklina på Stord VGS der eg vart meir og meir komfortabel i meg sjølv og meir sikker på at musikk var det einaste eg ville drive med!

Du debuterte som soloartist i 2018 med låta «Higher Ground», og siden da har du vært kontinuerlig aktuell. Kan du fortelle litt om reisen?

Den reisa har vert lang men samtidig forferdelig kort, haha! Det har gått utrulig mykje opp og ned og det å være ny artist og prøve å etablere seg i ein slik bransje har ikkje berre vore enkel. Det er heilt sjukt å tenke på kor lite eg visste då eg dumpa inn i musikkbransjen og kor bratt den læringskurven har vore. Det er så mykje ein må kunne som artist i dagens samfunn, eg kjenner meg veldig ofte som ein alt muligmann. Ein dag er eg regnskapsfører, ein anna dag er eg låtskriver og artist, og mesteparten av tida forventar dei fleste at eg skal være eit mediehus haha! Sjølv om det er utrulig mykje forskjellig som skjer konstant så syns eg det er heilt fantastisk. Trur eg har typ fem adrenalin-rush kvar einaste dag!

Saken fortsetter etter videoen.

Hvordan oppleves det å jobbe som låtskriver og artist?

Det er utruleg gøy! Eg elskar jobben min og eg tenker på musikk, låtskriving og konsept ca 99% av tida. Likevel er det vanskeleg å finne ein balanse og eg har gått gjennom ekstremt mange prosessar inni meg sjølv som har vore vonde og forvirrande då ein knyttar musikken og artisten så tett opptil eigen person og sjølvfølelse. Men det som har holdt meg oppe i alle periodar har vore den generelle trua på at det er dette eg vil drive med, og at det faktisk er meir kjekt enn kjipt. Og ikkje minst eit ynskje om å formidle og skrive om alt eg opplever. Ein sluttar jo aldri å oppleve ting, fint eller vondt, så difor er planen å holde på i MINST 80 år til, haha!!

Helt fra første låt har du samarbeidet med dyktige låtskrivere. Hvordan er skriveprosessen? 

Skriveprosessen er veldig forskjellig frå gong til gong! Min styrke i låtskriving er melodiar, så me startar som oftast med å finne melodiar som fangar noko interessant eller ein kjensle eg har akkurat den dagen. Andre gonger startar me med  å berre prate om livene våre, og slik peilar me oss automatisk inn på tekst og tema. Andre gongar kjem eg inn i studio med ein ide og så jobbar me vidare på den. Eg pleier som oftast å lytte til magekjensla, det er slik eg arbeider best!

Kommer du med ferdige skisser på låter, som så blir bearbeidet i samarbeid i studio, eller skriver du i felleskap med andre?

Dette er veldig forskjellig! Av og til tar eg med skisser og av og til startar me frå scratch. Det kjem heilt an på kva stemninga er i rommet! Eg tenkjer alltid på kva alle vil når ein arbeider i saman, for eg vil at det skal være lystbetont for alle som er med. Det er kanskje ikkje alltid like lett, men det blir absolutt ein bedre oppleving for alle, og det trur eg går hand i hand med eit betre produkt!

Portrett av Skaar
Foto:  Martin Bremnes

Hvordan opplever du det å skrive sammen med andre, versus alene?

Veldig annleis. Eg driv framleis å finn ut av korleis eg likar å arbeide, men det kan til tider være skikkelig vanskeleg! Eg liker å være så ærleg som mogleg i låtane mine, og det kan av og til være vondt opne seg om i ein session med andre. Eg opplever at eg er meir fri og sårbar når eg skriv åleine. Men det handler mykje om sjølvtillit! Eg jobbar kvar dag med å tørre å ta meir plass og være så open som mogleg i sessions!

Du har blant annet samarbeidet med de dyktige produsentene Askjell Solstrand og Fredrik Svabø. I hvilken grad opplever du at en låt kan endre karakter eller  utrykk under produksjon?

Eg føler ei låt kan endre seg utrulig mykje i forhold til produksjonen. Ei låt kan gå frå ei betydning til ei heilt anna ved hjelp av produksjon då eg føler musikken og kjensla i instrumentering og miksing kan sei like mykje om historien som teksten. Likevel når det kjem til min eigen oppfatning av det så høyrer eg låta eller demoen som oftast med potensialet eller sluttresultatet. Då eg ofte høyrer korleis ei låt kan bli inni hovudet mitt så har det ikkje så mykje å sei korleis ein rough bounce er! Eg stoler ofte på fantasien, vertfall når det kjem til musikk!

I musikken din finner vi både låter i følelsesladd akustisk drakt, og tunge pop-produksjoner. Når og hvordan vet du hvilket uttrykk som kler en sang? I hvilken grad er du med å produsere låtene dine selv?

Eg stolar alltid på magekjenslene! Ein prøver ut ting, går tilbake til ein gammal ide, eller så har ein veien til låten lagt framfor seg med ein gong. For meg handlar alt om kva som kjennes bra ut eller ikkje! Når det kjem til prodding av låter så føler eg at produsent-begrepet har vorte meir og meir blurry. Eg sit ikkje ved pc-en og trykker på knappane, men eg liker å være så involvert i produksjonene som mogleg. Det er viktig for meg at alt heng saman, og eg føler i heile låtskrivingsprosessen i 2021 når ein jobbar saman handlar om at ein er eit team. Som oftest er alle med i alle prosessar, og det gjer og at ein får meir eigerskap til alt ein er med på. Det syns eg er skikkelig fint!

Har du noen favoritt-instrumenter, fysiske eller digitale, eller programvare du bruker spesielt mye?

Gitaaaar er mitt hovudinstrument og det vil det alltid være! Og så elskar eg trekkspel og orgel. Har og ein stor kjærleik for blokkfløyte, men den interessa er eg nok ganske einsam i haha!

Den seneste singelen din er en cover av Joni Mitchell, den legendariske «Both Sides Now». Hva fikk deg til å ville gi ut den?

Då eg såg Joni Mitchell hadde eit jubileums-år for mykje av musikken hennar i år så vart eg nostalgisk av meg og byrja å høyre på musikken hennar igjen. Both sides now er ei låt eg har vakse opp med men aldri heilt forstått. Plutselig i år skjønte eg kva den handla om, eller i vertfall kva den betydde for meg. Då den traff eit slags ømt punkt i meg og mine opplevingar dei siste to åra så fekk eg veldig lyst til å spele inn min eigen versjon av den. Det vart ein veldig fin prosess og eg vart utruleg stolt over versjonen!

Hvordan er det annerledes å jobbe med andres materiale, kontra ditt eget?

Meir skummelt eigentleg. Då eg alltid prøver å tolke det på min eigen måte så kjenner ein på at ein har nokon andre sin «baby» i dine hender. Det blir mykje ærefrykt inn i bildet! Men så hugsar eg alltid på at det er jo berre musikk, og musikk skal være gøy! Så då går det alltid fint til slutt.

Med julen rett rundt hjørnet er du på manges spillelister. I 2019 ga du ut julesangen It’s Christmas After All. En mildt sagt melankolsk høytidsmelodi. «I’m just crying in my room, what else am I supposed to do». Hva er historien bak låta?

Det året eg skreiv It’s christmas after all musta eg diverre bestemora mi. Då eg fekk spørsmål om å skrive ei låt til Netflix serien «Hjem til Jul» så kjendes det rart å skrive ei låt om den tradisjonelle glade jula, då eg visste at mi jul kom til å være annleis enn før. Me tok på oss det vanskjelege sjølvpåførte oppdraget om å skrive ei julelåt om einsamhet og kjensla om å være ekstra åleine når det er forventa at du skal være lykkeleg. Sjølv om det var vondt og låta er alt anna enn glad og julete, så er eg veldig glad me gjorde den slik!

Saken fortsetter etter videoen.

Sangen er en del av soundtracket til Netflix’ braksuksess «Hjem til jul». Hvordan endte du med den synken? 

Eg vart så heldig å få spørsmål fra plateselskapet mitt Warner music Norway om eg ville skrive til serien. Då sa eg sjølvsagt ja!

Ble låta skrevet spesielt til serien?

Ja det vart den! Men då me skreiv den kjendes det ikkje slik, då den vart så spesiell for meg. No kjennes det berre ut som ein heilt vanleg låt eg skreiv, sida temaet og teksten kom fra eigne erfaringar!

Hva er ditt personlige forhold til jul?

Eg elskar jul! Elskar følelsen av litt lys i ei ellers ganske mørk og slitsom tid. Eg prøvar kvart år å overgi meg totalt til julestemninga, haha!

Hvilken julemusikk hører du på selv?

Eg Høyrer veldig mykje på tradisjonell julemusikk, altså dei store klassikerane. Eg likar veldig godt den gamle julemusikken med bjeller, lange tonar og store disneykor! Trur nok I’ll be home for christmas, og white christmas er to av mine favorittar!

Vi skulle ønske vi kunne være ferdig å stille spørsmål om koronasituasjonen, men denne uken ble det igjen innført restriksjoner. Hvordan har du og ditt virke blitt påvirket de siste to årene?

Eg er skikkelig lei.. Rett før fyrste lockdown i 2020 så spelte eg to konserta på bylarm og hadde planar om å spele min fyrste konsert i utlandet, skulle reise på turne og ha den festivalsommaren. Istadenfor måtte eg reise heim til Stord for å arbeide i heimesjukepleien der. Det har vore utruleg tungt å ikkje vite om ein får spele konsert igjen og kjensla av at alle sjansar berre går forbi og at ein sit å ventar på at ein skal få arbeide igjen. Økonomisk har det vore tøft, men og psykisk då musikk og arbeidet med prosjektet alltid er min største drivkraft.

I april i år slapp du den akustiske plata «Waiting», en prequel til den Spellemann-nominerte «The Other Side of Waiting». Denne samlingen låter er et direkte resultat av nedstengningen?

På ein måte ja og nei! Eg hadde skreve ein del av songane tidligare, men fleire av dei var berre skisser. Resultater av nedstenginga var ynskje om å få til noko og produsere musikk som eg likte. Då eg plutseleg fekk ein slags gnist igjen etter eit år med pandemi så fekk eg ideen om å gi ut eit akustisk album. Det gav meg eit stort ynskje om å sjå på musikk som ein meir lystbetont greie!

Vi kan se for oss at du er utsultet på en skikkelig festivalsommer. Hva er det du har savnet, som du gleder deg mest til å realisere?

Eg har savna å spele konsertar og treffe folk rundt omkring! Eg har aldri vore på ein eigen turne, og det er noko eg verkeleg alltid har hatt lyst til. Eg har så lyst å få det til!

Hva vil du si er karrierehøydepunktet ditt så langt?

Eg trur det må være å sleppe to heile musikalske prosjekt. Det å sleppe «the other side of Waiting» og «Waiting» har vore så gøy, og ikkje minst gitt meg trua på meg sjøl og musikken. Eg har alltid elska tanken om å gi ut samanhengane prosjekt, og det har eg fått gjere! Og det skal eg uten tvil fortsette med!

Kan du dele din største musikkopplevelse – som lytter?

Eg trur min største musikkoppleving nokon gong må ha vert Valkyrien Allstars i 2019. Plutselig dumpa eg inn på ei feiring for folkemusikkens dag, og der stod dei klare for å spele. Det var så utruleg fint, rått, rørande og fantastisk bra. Det er ofte dei tinga ein ikkje planlegger som blir dei mest magiske opplevingane! Og fy flate kor kul Tuva Syvertsen er, håpar eg blir halvparten så kul som ho!