Foto: Johannes Selvaag

– Eg tenkjer på alle som får harde tider framover

Helga Myhr er nominert til Spellemann i folkemusikk med to utgivelser. I dag slipper hun nytt album med gruppa Morgonrode. Samtidig er hverdagen snudd på hodet for både henne og resten av musikkbransjen. – Ein ser så tydeleg no kor sårbart frilanslivet er, og eg tenkjer på alle som kjem til å få harde tider framover.

Hvem er Helga Myhr?
Ein 24 år gamal musikar. Vekse opp i den vesle grenda Torpo i Ål, men bur i Oslo. Glad i bøker og prøver alltid og leve opp til lesemengda eg hadde som unge. Ofte blir det altfor mykje musikk i tankane og altfor lite tid til andre ting, men har lagt min elsk på yoga, då har eg alltid heilt fri.

Fortell om den musikalske bakgrunnen din?
Eg har foreldre som jobbar som musikar og dansarar, mor mi var min fyrste hardingfele- og songlærar, og begge har lært meg å danse folkedans. Eg har to eldre systrar som også jobbar med kunst og kultur. Eg har spelt fele og sunge så lenge eg kan hugse og som liten høyrte eg veldig mykje på Katie Melua. No høyrer eg på alt i frå gamle arkivopptak frå Hallingdal til Joni Mitchell, Frida Ånnevik, Valkyrien Allstars, Christian Wallumrød Ensemble og Sherrifs of Nothingness.

I fjor slapp du debutalbumet ditt «Natten veller seg ut». Forankringen i folkemusikken er tydelig, men det er unektelig nyskapende og eksperimentelt. Kan du fortelle om visjonen?
I løpet av studiet på Norges Musikkhøgskule (NMH) vart eg meir og meir dratt mot samtidsmusikk og improvisert musikk, noko eg absolutt ikkje hadde kjenskap til før eg kom til Oslo. Det kjentest veldig rett å bevege seg mot den delen av musikklivet, og dei to siste åra mine på NMH fekk eg ha fantastiske Tanja Orning (cellist og komponist) som lærar. Ho har lært meg ekstremt mykje, fyrst og fremst innanfor impro. I mellomrommet mellom folkemusikk og samtidsmusikk trivs eg no veldig godt. Trangen mot å lære meir om improvisasjon og parallelt vore ein aktiv folkemusikknerd, har vore ein måte å finne min musikalske identitet på. På soloplata «Natten veller seg ut», kan ein høyre resultatet av omkring tre år med utforsking av dette. Eg har på ein måte stilt meg sjølv spørsmålet: «Korleis vil ein folkemusikar frå Hallingdal utøve samtidsmusikk?» Målet var å laga ei samtidsmusikalsk plate frå eit folkemusikalsk perspektiv. Eg har lært at folkemusikk er ein ekstremt sterk sjanger og difor er svært anvendeleg til å respektfull strekke og dra i til alle kantar. Musikken har så mange lag og gir uendeleg med moglegheiter. I tillegg er sjølve hardingfela i seg sjølv eit instrument som unekteleg er svært morro å utforske klangleg.

Tror du en folkemusiker tenker annerledes enn andre musikere og komponister?
Det er vanskeleg og rart å uttale meg om korleis andre musikarar tenkjer. Det einaste eg klarar å svare er at det kanskje er fleire folkemusikarar som er opptatt av (lokal)historie, enn andre musikarar, utan å vera for påståelig på akkurat det. Til sjuande og sist er alle musikarar (forhåpentlegvis) interessert i musikk på ulike måtar og alle er forskjellige. 

Du er registrert i TONO med en lang rekke verk. Balansen mellom å være tradisjonsbærer og komponist, hvor ligger den?
Det å arrangere og komponere musikk i tillegg til å vera tradisjonsbærar går litt inn i kvarandre. Det er vanskeleg å skilje mellom akkurat dette. Sjølv om eg kjenner på ansvaret for å løfte fram folkemusikken frå mitt området, er eg eigentleg veldig glad i å tenkje på alt som kun musikk.

Hva fikk deg til å begynne å skrive musikk?
Etter eit pauseår på folkehøgskule med lite musikk, kjente eg eit stort behov for å spele mykje og finne ut av ting. Eg starta å arrangere songar til folkesonggruppa Kvedarkvintetten og begynte litt på nytt med hardingfelespelet. Eg trengte å finne ny inspirasjon i hardingfela og skjønte etterkvart at det går ann å bruke instrumentet på utallige måtar. Noko anna som har vore viktig for meg i utviklinga av å skapa ny musikk, var når eg og klassekameratane på NMH Rasmus Kjorstad og Selma French Bolstad begynte å spele saman. Me stor giv starta me å arrangere folkemusikk saman og utforska kva som funka og ikkje. Etterkvart vart det til Morgonrode som også består av Andreas Winther og Fredrik Luhr Dietrichson.

Hva betyr musikkskriving for deg?
Å utvikle og skape er heilt essensielt i gleda mi av å drive med musikk. Alt frå å finne fram til ubrukte og gamle slåtteformer og setta saman til min eigen form, til å jobbe fram verk der ein kun tar utgangspunkt i klangmoglegheitene i hardingfela. Musikkskriving for meg betyr også å jobbe fram ny og gamal musikk kollektivt i eit band, som me til dømes gjer mykje i bandet Morgonrode.

Foto: Johannes Selvaag

Hvor og hvordan skriver du?
Dei gongene eg sit åleine og lagar musikk, brukar eg mykje opptak. Det er heilt essensielt for meg å dokumentere gjennom lyd og derretter ta fram att gamle idear og høyre kva som kan funke og ikkje når eg har fått litt avstand frå det, og nesten har gløymt kva eg spelte inn. Kan ofte bli overaska over korleis det høyrtes ut og kva eg spelte. Når eg lagar nye vokalarrangement for folkesonggruppa Kvedarkvintetten brukar eg nokre gonger noteprogrammet Sibelius og andre gonger kun opptak der eg improviserar meg fram til dei ulike klangane.  

Har du utstyr eller verktøy som er uunnværlige i skriveprosessen?
Garageband (har enda ikkje gidda å kjøpe meg eit «proffare» program) og min fine zoom.

Som hardingfelespiller, føler du på et slags ansvar for en særnorsk musikkarv?
Det er ikkje så mange av oss som spelar slåttar frå Hallingdal på hardingfele og som tar fram ubrukt og gløymd musikk derifrå fram att i lyset. Kvar og ein av oss som spelar har eit ansvar sidan me er så få. Likevel gir det meg også ein fridom, fordi  det er mykje som ikkje blir spelt av andre, så ein har rett og slett ei enorm kiste med skattar som ventar på å bli tatt opp av nokon. Difor har eg moglegheit til å forme musikken veldig fritt. Å ta vare på viktige og særmerka element i musikken kjens som ei viktig oppgåve, samtidig som å vise at musikk eigentleg handlar om å vera fri.

I år er du nominert til Spellemann i Folkemusikk/tradisjonsmusikk med hele to album. Både din egen solodebut og gruppa Morgonrodes selvtitulerte debutalbum. Hvordan føles det?
Det føles sjølvsagt veldig bra. Eg er svært fornøgd med begge platene, men var likevel ikkje forberedt på at dei kom til å bli nominert. Ekstra kult at begge platene er debutalbum (i tillegg til Moenje sitt album som også er nominert). Spellemann er ein fin arena for oss musikarar. Der får fleire musikarar fin og positiv merksamd. Difor var det utruleg kjedeleg og trist at Spellemann 2019 måtte avlysast eller utsettast, slik som alle andre moglege kulturelle arrangement i vår på grunn av koronaviruset. Har hatt nokre tunge og deprimerande dagar av heile virusopplegget, men trur me til sujande og sist vil lære noko fint av det. For oss kunstnarar kan det vera fint å måtte stoppe opp det travle livet og vera nøyd til å kjenne på korleis ein eigentleg har det. Men veldig vanskeleg å tenkje det akkurat no, når brått heile jobben og livet blir satt på pause og livsviktige pengar ikkje kjem til å kome inn på ein stund. Ein ser så tydeleg no kor sårbart frilanslivet er, og eg tenkjer på alle som kjem til å få harde tider framover.

Hvordan ser 2020 ut for deg?
Dette er litt vanskeleg og svare på fortida. Nokre folk seier litt ironisk at heile 2020 er avlyst. Likt med alle andre frilansmusikarar, ser året brått veldig usikkert ut. Mykje er avlyst, men eg har planar om å spele ein del duokonsertar med Tanja Orning, sleppe ny plate med Morgonrode 3. april (singel kjem 20. mars!), spele fleire solokonsertar og spele konsertar med andre band, som Karoline Wallace sitt prosjekt «Lang vinter». Eg skal også spele nokre duokonsertar med den fantastiske læremeisteren min som eg har hatt sidan barndommen, Egil Syversbråten, om ikkje sommarens festivalar må avlysast *kryssar fingrane!!!*. Elles har eg spennande planar etterkvart som innebær ein del komponering.

Hva er karrierehøydepunktet ditt så langt?
Det største eg har gjort til no er å gi ut soloalbumet mitt «Natten veller seg ut». Det var ekstremt skummelt og eit stort kick på same tid. Veldig glad for at plateselskapet Motvind Records ville gi det ut. Plateselskapet er ein del av paraplyorganisasjonen Motvind Kulturlag, og om du ikkje har gjort det endå, sjekk dei ut! Dei arrangerar festival og konsertar, gir ut masse kule plater, har sin eigen katalog og står for ekstremt fine og viktige ting.

Kan du dele din største musikkopplevelse som lytter?
Åh, dette er vanskeleg å svare på! Ein episode eg hugsar veldig godt var fyrste gongen eg høyrte trioen Slagr, det var liksom livet før og etter det.

Og til slutt – Vil du tipse om én norsk artist du hører på for tiden?
Høyr på den nye plata til Andreas Røysum ensemble! Plata er så tidlaus og levande at eg blir heilt betatt.

Foto: Johannes Selvaag

Helga Myhr anbefaler Andreas Røysum ensemble nye album.