– Jakter gode melodier

Folkemusiker og komponist Aslak Brimi leter etter smil, latter, gråt og melankoli når han skriver. Med Aslak Brimi Kvartett ble han i år Spellemannominert for gruppas debutalbum Vev. – Slik medietid er ikkje noko ein kan ta for gitt som folkemusikar i dag.

 / 03/05/2019 /

Folkemusiker og komponist Aslak Brimi leter etter smil, latter, gråt og melankoli når han skriver. Med Aslak Brimi Kvartett ble han i år Spellemannominert for gruppas debutalbum Vev. – Slik medietid er ikkje noko ein kan ta for gitt som folkemusikar i dag.

Foto øverst: Live Andrea Sulheim

Navn: Aslak Brimi
Alder: 35
Aktuell med: Vev – Aslak Brimi Kvartett
TONO-medlem siden: 2008

– Prinsipielt meiner eg at det er ei utfordring for folkemusikken og folkemusikkutøvarar at det er lite å tene i kroner og øre på å spele tradisjonsmusikken, sier Aslak Brimi. Foto: Mari Sletten.

Hvem er Aslak Brimi? Og hvem er Aslak Brimi Kvartett?
Aslak Brimi er spelemann, komponist og kjemilærar frå Lom i Gudbrandsdalen. Eg kombinerar det å vere kjemilærer med å vere frilans musikar og småbarnspappa. Det er ein travel og fantastisk fin kvardag. I Aslak Brimi kvartett har eg med meg Bjørn Kåre Odde, Espen Wensaas og Svein Tore Werstad. I fjor ga vi ut albumet Vev, og arbeider nå med neste album. Ideen er tett samspel og arrangementer inspirert både av tradisjonelt felespel og av kammermusikk og jazz.

Fortell om den musikalske bakgrunnen din?
Eg blei oppfostra i spelemannslaget heime i Lom, og gjekk spelmannslæra hos far min, Rolv Brimi, og storspelemannen Bjørn Odde. Vidare har eg spelt ilag med mange musikarar i ulike konstellasjonar som har vore med å forme meg som musikar. Eg har fundamentet mitt i tradisjonsmusikken, men tar gjerne steget ut, for eksempel til visemusikken.

Har norsk folkemusikk funnet seg til rette i dagens samfunn, synes du? Får den plassen den fortjener?
Dette er jo eit spørsmål vi stiller oss ofte. Men det som er sikkert er at miljøet er sjølvsikkert og har tru på at det vi driv med er bra. Folkemusikkmiljøet i Noreg er stort og vitalt, og har i somme områder stor rekruttering. Men i media så er det små doser vår musikk. Innimellom kjem det litt folkemusikk eller -dans som «folklore»-innslag, men den store breidda meiner eg ikkje vert presentert. Vi lir jo litt under at NRK og dei andre mediehusa ikkje bruker instrumentalmusikk i vanleg radiotid. Musikken vår vert presentert i Folkemusikktimen, og lite utanom det. Og sjølv om det er vokal så er kjensla at dersom det er ei fele eller tendens til folkemusikk-aktig preg så vert barriera stor for at det blir tatt inn i varmen. Det er kanskje ikkje «folkeleg» nok i dag.

Hvordan balanserer du virket som komponist og folkemusiker?
For meg har dette med komponering utvikla seg over tid. Eg har meir og meir fått ein skapartrong med instrumentet. Og for meg heng komponistgjerninga veldig saman med det å vere folkemusikar og ikkje minst utøvar. Mine melodiliner vert til på fela. Men eg er veldig bevisst på å arbeide med det tradisjonelle materialet også. Det er det som er fundamentet! Prinsipielt meiner eg at det er ei utfordring for folkemusikken og folkemusikkutøvarar at det er lite å tene i kroner og øre på å spele tradisjonsmusikken. Du må komponere og spele din eigen musikk på scener for å bli honorert. Eg ønsker verkeleg at etterkvart skal det bli ei ordning som gjer at det å bruke tradmateriale også skal kunne lønne seg meir enn i dag.

Hva inspirerer deg når du komponerer? Tar du inn andre elementer enn de du finner i folkemusikken?
For meg er målet å finne den gode melodien. Det har eigentleg lite å si kva bås musikken hamner i, eller kva som inspirerer, det viktige er å finne strofer og tema som kan få ein til å smile eller le, eller gråte eller bli melankolsk. Dette er nok noko eg har med frå bakgrunnen i den tradisjonelle musikken. For det er jo dei gode melodiane som har overlevd hundreåra. Så idealet er å lage meloditema som er så gode at dei kan stå seg lenge etter meg.

Hvordan ble kvartetten til?
Ettersom eg arbeidde meir og meir som komponist, fekk eg lyst til å lage eit prosjekt der eg bruker min eigen musikk. Eg har laga slåttar over mange år, og ville gjerne ha eit prosjekt der dette kunne vere utgangspunktet. Eg vart spurt om å vere månadens artist på Riksscenen i Oslo i 2016, og da fekk eg moglegheita. Da spurte eg tre musikarar eg gjerne ville jobbe med, og så gjekk det slag i slag frå der.

Aslak Brimi Kvartett er f.v. Svein Tore Werstad, Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde og Espen Wensaas. Foto: Johannes Selvaag.

Hvordan jobber dere sammen?
Det mest gjevande er å møtast for å vere kreative i lag. Vi kombinerer det å arrangere ved hjelp av improvisasjon, og det å kome med skrivne arrangement. All innøving og arrangering er ein prosess over tid der musikken og lydbildet finn sin veg og form. For meg som komponist er det veldig spennande å sjå kva veg musikken tek.

Fortell om Aslak Brimi Kvartetts debutalbum Vev?
Dette er musikk vi arbeidde med over fleire år. Det vart knadd og forma over tid, og vart etterkvart den musikken vi spelte inn. Det tok litt tid før vi fant vår «sound». Vi spelte inn ein EP året før, men var ikkje nøgde. Men da vi gjekk i studio med Vev så var vi alle fire i same modus, vi hadde landa.

Dere ble Spellemann-nominerte for albumet. Hva betyr det?
Det å bli nominert til Spellemann vil alltid vere prestisje. Det er noko ekstra stas at fleire folk får vite om oss og vår musikk. Som band fekk vi medietid, og det er ikkje noko ein kan ta for gitt som folkemusikar i dag. Kanskje vil det vere gunstig inn mot arbeide med lansering av nytt album neste år.

Hva jobber dere med nå? Hva bringer 2019 for dere?
Vi er inne i den kreative prosessen med nytt materiale nå. Vi går i studio på etterjulsvinteren, og har planer om lansering hausten 2020. Så forutanom nokre få konsertar så vert 2019 eit produksjonsår inn mot nytt album.

Hva er karrierehøydepunktet ditt så langt?
Eg fekk æra av å bli utnemnt som Årets Folkemusikar i 2016. Eg fekk utdelt prisen framfor ein full hovudsal i Operaen. Det var stort.

Hva er den største musikkopplevelsen din?
Eg har mange fine musikkopplevingar, og mange som blir med meg heile livet. Men eitt døme er da eg opplevde Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren framføre Nivilkinn i 2003 på Rauland da eg var student på Folkemusikk-studiet der. Ein liten og intim akustisk konsert. Eg kjente ikkje til Nordstoga noko særleg da, men den intensiteten og spenninga dei hadde i den framføringa var fantastisk. Og dei hadde gjort noko som eg har gjort mykje etter det, nemleg tonesetting av dikt. I Nivilkinn-musikken har dei fått til nettopp det eg meiner er så fantastisk, å finne dei gode melodilinene. Den opplevinga ligg i meg framleis som stor inspirasjon.